Månedarkiv for september, 2010

Molladalen

Natura arrangerte helga 24.-26. sept ein tur til vakre Molladalen. Eg måtte då velge mellom padlesamling på Rangøya og helgetur i nærområdet. No har eg aldri vore i Molladalen, så eg tykte eg måtte bruke finevêrshelga til å oppleve denne mykje omtalte dalen.

Skuffa vart eg iallefall ikkje, vêrgudane la si beste side til og ga oss flott haustsol å nyte dalen i. Eg og to andre tok turen oppover på laurdags føremiddag, og skulle møte dei andre som etter planen skulle ta turen til Bladet denne dagen. Turen opp var middels tung med ein sekk på nærare 20 kilo, og turen endte opp på ca 3,5 timar. Men då tok me lange pausar ;)

Me kom opp til ein folketom leir og antok at alle skulle være på Bladet til seint på kveld, men plutselig kom det ruslande fleire smågjengar inn i leiren. Det viste seg at renna ein går for å komme opp til Bladet var full av fryst smeltevatn, og gjorde oppgangen vanskelig. Det var difor berre seks som hadde gått opp dit, resten hadde tatt turar i andre områder her oppe.

Men me skriv tross alt slutten av september, så nokon storvarme var det ikkje. Sola gjekk ned tidleg med vakre fargar, og kulden sette raskt inn. Sjølv om soveposen var fristande tidlig på kveld, prøvde eg å utsette legginga lengst mogleg, og ekstra kjekt var det at Åsmund Vaage også kom til leiren. Flesteparten hadde gode liggeunderlag og soveposar så over halvparten av turfolket låg ute denne natta. Og for ei natt! Sterk måne som lyste opp fjella rundt oss og ein mektig stjernehimmel kan gjere kvar og ein av oss litt filosofiske. Og det var heller ikkje verst å vakne opp til sola som lyste opp tindetaggane.

Natta hadde hatt minusgrader, det var tydeleg frå vassflaskene som låg rundomkring. Sola tok seint på den odden me låg på, så det var om å gjere å få i seg ein varm frukost så fort ein kunne. Min frukost besto av havregraut, og det er rett og slett det beste eg kan starte ein slik turdag med. Vi var ein gjeng som bestemte oss for å prøve Mollaskaret, der ein går over til Ytre-Standal. Her var det spektakulære tindar som vi kunne rangle litt på, og nokon plassar var det så skarpe taggar at eg er sikker på at du kunne ha delt ein vannmelon på dei! Ein spennande opplevelse!

Når ein så er i Molladalen, så merkar eg korleis lysta på fjellklatring melder seg. For det er kanskje ikkje så innmari mykje meir å gjere i Molladalen enn å bruke desse steile fjella til noko, og det er ikkje så overveldande mange moglegheiter for vanlege fotturar. Men så var det dette med å henge i eit tau i høge høgder då…

Galleri:

Meistring

Ein gong i starten av dette året sette eg meg eit mål, slike som er kjekke å ha. Nokon er urealistiske, andre er lettnådde. Andre igjen er optimistiske; dette var eit av dei. Tidsperspektivet var sett til utgangen av året. Målet? Eg ville jogge rundt vatnet.

I dag jogga eg frå Kiwi til Kiwi! Du kan sjå ruta mi på Endemondo. Hendinga tok ganske nøyaktig 46 min.

Eg jogga intervall på 5/2 slik eg gjer på tredemølla. Då er det 5 min med høgt tempo (for meg ca 9 km/t) og 2 min med lavt nok tempo til å få att pusten (for meg ca 6.5 km/t). Problemet med joggetur uten skikkelig «joggecomputer», er at ein må ta farta på feelingen. Du kan i linken over sjå ca kva fart eg låg på i intervalla, og eg er godt nøgd med å ligge over 9 km/t.

Så kva følte eg då, der eg kom svett og sliten inn på parkeringsplassen på Kiwi? At eg var veltrent? Nei, det kan eg ikkje påstå, nokon brukar godt under halvtimen på samme ruta. Følte eg at litt omlegging av livsstil og kosthald har gjort meg godt? Joda, skal ikkje nekte for det. Men det eg følte mest av alt, det som gjorde at eg hadde det største smilet i Volda akkurat då, det var meistringsfølelsen!

Og eg har oppdaga at meistringsfølelsen, den er ein god medhjelpar når ein skal t.d. trene eller gå tyngre turar i fjell og natur. Når du er sliten og lei og kjenner at kroppen ikkje orkar meir, då vaknar meistringsfølelsen og fortel deg at «jaudå, du greidde dette før, du greier det igjen».  Den fortel deg at du har greid tyngre oppgåver enn den du prøvar på no. Og den gjer dørstokkmila litt kortare.

No er det ikkje slik at ein skal gje seg når ein opplever meistring, i staden vert meistringa eit referansepunkt! Visst kjem eg til å sprekke på ein runde rundt vatnet seinare! Men då tek eg fram meistringa og brukar den til å vurdere kva eg gjorde galt denne gongen. For eg veit jo at eg egentlig greier oppgåva eg held på med. Eg analyserar og dyttar meg sjølv for å meistre meir.

Hestehornet

Hestehornet ligg fin plassert rett ved Krøvelsætra. Den enklaste vegen er å kjøyre over Krøvelseide og nedover svingane mot Åmdalen. Etter eit par svingar kjem det ein parkeringsplass og ein bomveg. Parker anten her eller betal for å kjøyre heilt opp til Krøvelsætra. Eg parkerte her nede for å gjere turen litt lenger, sjølve turen opp til Hornet er kortare enn det ser ut.

Alternativt, og sannsynligvis ein meir spennande tur, er ruta via Rotevassætra. Har kan ein følge ein privatmerka sti som tek deg utanfor dei verste våtområda rundt Krøvelsætra. Finn start på stien ved eit av hyttene nærast Krøvelsætra og sikt deg inn på å gå ein boge rundt ein liten kulp.

Turen frå Krøvelsætra til toppen tek 30-45 min, men det er slitsomt å gå i den våte myra. Vert enklare når ein kjem opp i sida. Vasstette sko er ein fordel her. Tek ein turen via Rotevassætra er det noko tørrare.

Oppdatering: Laga eit panoramabilde av ein tur i flott haustvêr.

Rotevassætra

Turen til Rotevassætra er ein fin tur både somarstid og som skitur om vinteren. Sjølv brukar eg 2 forskjellige utgangspunkt avhengig om eg går/syklar eller går på ski.

På somaren er det best (men kanskje ikkje like spennande) å starte ved første avstikker på vegen ned til Vassbotn. Trykk her for eit kart. Dette er ein bomveg, med port for sykkel o.l. vegen delar seg i 2 etter 1,5 km, ta då opp bakken og følg denne vegen vidare 3,5 km opp til sætra. Vegen er bratt, men kan også syklast. Sjå etter forbods-skilt under teleløysinga.

Vinterstid er det mest populært å starte frå Helgatun og gå innover derifrå. Her er det preparerte løyper. Vær obs på at vegen kan dele seg etterkvart i eit opptrakka spor, men ein kjem fram til sætra uansett kva veg ein vel.

Rotevassætra kan være utgangspunkt for fleire turar, m.a. til Hestehornet og Botnasætra.

|

Gravatar

Det er mulig du har sett dette ikonet før, men gjerne uten teksten. Den dukkar gjerne opp i ulike forum og bloggar når du eller andre har kommentert. Det betyr at sida der du kommenterar, brukar ei nett-tjeneste som heiter Gravatar. Dette er eit ordspel på ordet avatar, som i forum-samanheng betyr din grafiske representasjon på nett. In short: Bildet ditt.

Før gravatar (og evt. andre liknande tjenester) kom, måtte du laste opp eit bilde av deg (eller noko du meinte representerte deg) til kvar enkelt tjeneste du ville ha bildet på. Med gravatar knyter du i staden opp eit bilde av deg til epostadressa di! Så når du legg inn ein kommentar t.d. på dette blogg-innlegget her og oppgir epostadressa di, vil bloggen min leite i gravatar sine register for å sjå om denne epostadressa er registrert med eit bilde.

Det heile er veldig enkelt og grundig forklart. Det tek deg nok i underkant av 3 min å gjennomføre dersom du har eit bilde du veit du vil bruke. Gå til www.gravatar.com og prøv sjølv :) Kommentarane vert litt meir personlige og hyggeligare å lese av slikt ;)

Sogndal somaren 2010

I løpet av somaren prøvar eg å få iallefall éin tur innom hytta. I år vart det ei langhelg, og tida gjekk med til å jobbe rundt hytta og sosialisering med besta og resten av familien. Men eg fekk heldigvis tid til nokon flotte fjellturar óg! Eg var på Fagreggi (bildet) og Volane.

Turen til Fagreggi går i eit flott område, sjølv om det er litt vått og myrete i starten. Start frå Hollekve og gå over brua. Vidare så er det litt vanskelig å forklare, det går nokon forskjellige stiar der. Men ta sikte på skaret som står på kartet og gå mot Kollsetestølen. Følger du (den litt dårlige) raudmerkinga, er det ruta som står på kartet. Dette er ikkje den mest brukte stien opp hit, men er gåbar om ein tek seg tid til å sjå litt etter neste raude T.

Volane ligg på motsatt side av Sogndalsdalen. Hytta vår ligg på Kleiv, så følg vegen vidare til der det står Litlabø. Her er merkinga på kartet litt dårleg, men kjør iallefall opp til garden på Litlabø og spør fint om å få parkere. Traktorvegen som går halve vegen opp, verkar ikkje påteikna kartet, men den startar iallefall med grinda rett ved garden. Følg den til den går over i raudmerka sti, som går vidare heilt opp på Spe (bildet). Der kjem ein inn på merkinga på kartet, og ein kan følge sti både til Navarsete og Stepin. Vi går sistnemde. Om ein slit med å finne vegen, gå vidare opp ein av sauestiane til Øvste Spe, det er ei einsleg hytte som ligg oppå ei «hylle». Derfrå er det lett å følge (merka) sti sørover.

Turen opp til Spe er til dels bratt, men turen tek ikkje meir enn 35-50 min. Stien kan nok oppfattast som i brattaste laget innimellom. Vatn kan stort sett fyllast i ei elv på vegen, iallefall på somarstid.

Vegen går vidare til Stepin, men vi tok ein avstikkar til Volane. Stien her er opptrakka, men eg trur ikkje den var merka. Det er uansett vanskelig å gå feil. Gå slik at ein kjem opp i høgda og ser ned på det store myrområdet. Der kan ein gå over eit lite skar og følge stien innover til dei 2 vatna som ligg der. Det vatnet som er lengst vekk har eit flott nes der det er «tillaga» bålplass. Tørrveden plukkar du med deg på vegen. Kjekt at dei fleste her brukar den same bålplassen, så vert merka og slitasjen på naturen minimal.

På heimturen tok me same vegen tilbake som me kom, og følgde raudmerkinga vidare til Stepin, der me gjekk ned. Stien ned er bratt, men god. Klatring er ikkje nødvending.

Melshornet

Melshornet (807 moh) ligg fint plassert på grensa mellom Volda og Ørsta med spesielt fin utsikt til Ørsta sentrum. Også god utsikt mot Helgehornet og ut langs Ørstafjorden. På somarstid startar dei fleste med ein tur på Dinglavatnet. Følg deretter opptrakka sti frå stolpen med boka, langs sørsida av vatnet. Stien går først flatt langs vatnet og deretter småbratt oppover mot toppen. Ingen klatring eller høge stup, men eit «lurefjell» som lar deg tru du er oppe før du er!

Tidsmessig vil eg tippe 30-45 min frå Dinglavatnet, alt ettersom pausar.

Vinterstid kan ein ta skitrekket opp frå Reset og gå innover via Sandhornet og Grøthornet

Dinglavatnet

Dinglavatnet er ein fin og lett tur for dei aller fleste. Bestem tempoet sjølv og velg mellom å følge vegen eller gå skogen. Turen er ikkje så lang, men har stigning det meste av vegen. Tidsbruk frå 30-60 min, alt etter form og pausar.

Som du kan sjå på dette kartet er det mange vegar til Dinglavatnet. Enklast er det å følge vegen heilt heilt opp over Solhøgda, der går den over i skogsveg med ein bom. Følg deretter den vegen heilt opp til Dinglavatnet. Vil du gå i skogen med mjukare underlag og litt meir stigning, stopp på «stopp-plassen» rett før vegen svingar ned i Solhøgda, og ta inn i skogen ved ei grind her. Stien delar seg i starten, hold då til venstre. Held du til høgre endar du opp ved vassverket sitt hus oppe i Vikebygda, som igjen har ein fin turveg heilt opp på Reset!

Frå Dinglavatnet kan du gå vidare til Melshornet på godt opptrakka sti. For å kome på rett sti, ta til høgre ved stolpen der boka er, og følg stien på sørsida av vatnet. Du kan også ta turen mot Niven (og følge denne vidare til Egset/Mork). Frå Dinglavatnet følg vegen vestover langs ryggen (altså gå vekk frå vatnet) og ta av ned mot Vardehornet (merka med…. ein varde). Følg ein til dels bratt og våt sti ned mot vegen eller gå tilbake til Dinglavatnet og følg vegen nedatt.

Sikkerheitskurs på Standalshytta

Når Høgskulen i Volda, i samarbeid med både Natura og STiV, inviterar til 2 gratis overnattingar på Standalshytta, gratis middag og gratis førar i fjella rundt, fann eg få argument for å seie nei! Og eg skjønar ikkje kvifor berre 3 andre valde å gjere det same som meg!

Opplegget er nokonlunde slik: Fordi Sunnmørsfjella har nokon spesielle sider ved seg, set ein opp eit fjellsikkerheitskurs for å fortelje litt om korleis ein skal oppføre seg i fjella her. Kurset er nok mest mynta på Våre Nye Voldingar; tilreisande studentar. Men sjølv om eg etterkvart har fått litt fjellerfaring, plukka eg opp spennande ting! Her fekk me innføring i geologi i tillegg til generell opplæring i korleis ein bør tenke når ein bevegar seg i område med stein, våt/laus mose, elvar og brear. For å nemne noke.

Med så få på kurset, vart det god plass til å velge soverom og det er alltid kjekt å få eit rom for seg sjølv. Ikkje var det trangt i badstua heller! Vi koste oss med brettspel, kort og puslespel på kveldane og naut god mat. Eg fryktar at det vert noko meir folk på vinterkurset som tek føre seg skredfare….

Årest sikkerheitskurs varte frå fredag 10. til søndag 12. september. Skredkurset kjem nok ein gong rundt mars.

Galleri:

Snøhornet

Våkna til fint vêr her ein torsdag og fann ut at i dag skulle Snøhornet bestigast. Hornet er 1309 meter høgt og starten er frå ca 230 moh. Turen går over 5 km, så ikkje altfor bratt mao. Turen er merka til middels tung i boka Fotturar på Sunnmøre (som anbefalast på det varmaste). Boka bereknar også turan opp til 3 timar, noko som stemmer ganske bra; trekk frå 11 min så har du tida mi.

På kartet (klikk på kartet for større bilde) kan ein sjå dei 2 «hovedrutene», der den eine er ei sommarrute, med start frå Kvernaelva og den andre har start frå gamleskulen på veg ned til Årset. Sistnemde er nok vinterruta, som óg kan gåast om sommaren. Eg valde ruta frå elva. Turen startar med ein bil- eller sykkeltur inn i Aldalen og start ved brua som kryssar Kvernaelva.

Turen går i lettgått terreng, men med nokon bratte parti. Stien er grei å følge opp til steinura, deretter er det ein gjetteleik. Toppen gir god utsikt, og ein kan sjå både Volda og Ørsta på same tid. I tillegg til det meste anna i lokalregionen. Rekn med vin på siste halvdel av turen, så ta med vindjakke. Det er heller ikkje noko vatn å snakke om på vegen no i september, så ta med rikelig av dette.

Mangelen på raudmerking merka eg ikkje godt før eg skulle gå nedover frå toppen. I galleriet nederst i innlegget ser du eit (par) bilde av steinura. Og når då den einaste merkinga er grå steinvardar, ja då seier det seg at det blir eit problem. Det er omtrent like vanskelig som å få auge på rypa. Kombiner dette med mangel på sti (dette er ikkje den mest trafikkerte ruta på sunnmøre) og du får ein god anledning til å gå deg vill. Det gjorde eg. No er det ikkje ekte «vill» for ein ser kvar ein skal ende opp, men vegen dit er ikkje så enkel. Og når ein er ferdig med steinura, er merkinga så dårleg at ein skal halde tunga rett i munnen for ikkje å gå feil eit par plassar. Og ein må følge stien for å kome ned dei brattaste partia.

Alt-i-alt terningkast 4, mest pga utsikta og dyrelivet. Men du skal være i overkant glad i stein for å gje denne turen toppkarakter på sommarstid. Eg har planar om å prøve igjen på vinterstid med ski på føtene, og vil tru at turen er endå finare uten å måtte gå på kvasse steinar.

Eg laga eit panoramabilde frå utsikta på vegen opp:

Trykk for større bilde

PS: Har du problemer med å få lukka bildet, trykk deg eit bilde tilbake i visaren og lukk det.

Galleri: