Sogndal somaren 2010

I løpet av somaren prøvar eg å få iallefall éin tur innom hytta. I år vart det ei langhelg, og tida gjekk med til å jobbe rundt hytta og sosialisering med besta og resten av familien. Men eg fekk heldigvis tid til nokon flotte fjellturar óg! Eg var på Fagreggi (bildet) og Volane.

Turen til Fagreggi går i eit flott område, sjølv om det er litt vått og myrete i starten. Start frå Hollekve og gå over brua. Vidare så er det litt vanskelig å forklare, det går nokon forskjellige stiar der. Men ta sikte på skaret som står på kartet og gå mot Kollsetestølen. Følger du (den litt dårlige) raudmerkinga, er det ruta som står på kartet. Dette er ikkje den mest brukte stien opp hit, men er gåbar om ein tek seg tid til å sjå litt etter neste raude T.

Volane ligg på motsatt side av Sogndalsdalen. Hytta vår ligg på Kleiv, så følg vegen vidare til der det står Litlabø. Her er merkinga på kartet litt dårleg, men kjør iallefall opp til garden på Litlabø og spør fint om å få parkere. Traktorvegen som går halve vegen opp, verkar ikkje påteikna kartet, men den startar iallefall med grinda rett ved garden. Følg den til den går over i raudmerka sti, som går vidare heilt opp på Spe (bildet). Der kjem ein inn på merkinga på kartet, og ein kan følge sti både til Navarsete og Stepin. Vi går sistnemde. Om ein slit med å finne vegen, gå vidare opp ein av sauestiane til Øvste Spe, det er ei einsleg hytte som ligg oppå ei «hylle». Derfrå er det lett å følge (merka) sti sørover.

Turen opp til Spe er til dels bratt, men turen tek ikkje meir enn 35-50 min. Stien kan nok oppfattast som i brattaste laget innimellom. Vatn kan stort sett fyllast i ei elv på vegen, iallefall på somarstid.

Vegen går vidare til Stepin, men vi tok ein avstikkar til Volane. Stien her er opptrakka, men eg trur ikkje den var merka. Det er uansett vanskelig å gå feil. Gå slik at ein kjem opp i høgda og ser ned på det store myrområdet. Der kan ein gå over eit lite skar og følge stien innover til dei 2 vatna som ligg der. Det vatnet som er lengst vekk har eit flott nes der det er «tillaga» bålplass. Tørrveden plukkar du med deg på vegen. Kjekt at dei fleste her brukar den same bålplassen, så vert merka og slitasjen på naturen minimal.

På heimturen tok me same vegen tilbake som me kom, og følgde raudmerkinga vidare til Stepin, der me gjekk ned. Stien ned er bratt, men god. Klatring er ikkje nødvending.

Melshornet

Melshornet (807 moh) ligg fint plassert på grensa mellom Volda og Ørsta med spesielt fin utsikt til Ørsta sentrum. Også god utsikt mot Helgehornet og ut langs Ørstafjorden. På somarstid startar dei fleste med ein tur på Dinglavatnet. Følg deretter opptrakka sti frå stolpen med boka, langs sørsida av vatnet. Stien går først flatt langs vatnet og deretter småbratt oppover mot toppen. Ingen klatring eller høge stup, men eit «lurefjell» som lar deg tru du er oppe før du er!

Tidsmessig vil eg tippe 30-45 min frå Dinglavatnet, alt ettersom pausar.

Vinterstid kan ein ta skitrekket opp frå Reset og gå innover via Sandhornet og Grøthornet

Dinglavatnet

Dinglavatnet er ein fin og lett tur for dei aller fleste. Bestem tempoet sjølv og velg mellom å følge vegen eller gå skogen. Turen er ikkje så lang, men har stigning det meste av vegen. Tidsbruk frå 30-60 min, alt etter form og pausar.

Som du kan sjå på dette kartet er det mange vegar til Dinglavatnet. Enklast er det å følge vegen heilt heilt opp over Solhøgda, der går den over i skogsveg med ein bom. Følg deretter den vegen heilt opp til Dinglavatnet. Vil du gå i skogen med mjukare underlag og litt meir stigning, stopp på «stopp-plassen» rett før vegen svingar ned i Solhøgda, og ta inn i skogen ved ei grind her. Stien delar seg i starten, hold då til venstre. Held du til høgre endar du opp ved vassverket sitt hus oppe i Vikebygda, som igjen har ein fin turveg heilt opp på Reset!

Frå Dinglavatnet kan du gå vidare til Melshornet på godt opptrakka sti. For å kome på rett sti, ta til høgre ved stolpen der boka er, og følg stien på sørsida av vatnet. Du kan også ta turen mot Niven (og følge denne vidare til Egset/Mork). Frå Dinglavatnet følg vegen vestover langs ryggen (altså gå vekk frå vatnet) og ta av ned mot Vardehornet (merka med…. ein varde). Følg ein til dels bratt og våt sti ned mot vegen eller gå tilbake til Dinglavatnet og følg vegen nedatt.

Sikkerheitskurs på Standalshytta

Når Høgskulen i Volda, i samarbeid med både Natura og STiV, inviterar til 2 gratis overnattingar på Standalshytta, gratis middag og gratis førar i fjella rundt, fann eg få argument for å seie nei! Og eg skjønar ikkje kvifor berre 3 andre valde å gjere det same som meg!

Opplegget er nokonlunde slik: Fordi Sunnmørsfjella har nokon spesielle sider ved seg, set ein opp eit fjellsikkerheitskurs for å fortelje litt om korleis ein skal oppføre seg i fjella her. Kurset er nok mest mynta på Våre Nye Voldingar; tilreisande studentar. Men sjølv om eg etterkvart har fått litt fjellerfaring, plukka eg opp spennande ting! Her fekk me innføring i geologi i tillegg til generell opplæring i korleis ein bør tenke når ein bevegar seg i område med stein, våt/laus mose, elvar og brear. For å nemne noke.

Med så få på kurset, vart det god plass til å velge soverom og det er alltid kjekt å få eit rom for seg sjølv. Ikkje var det trangt i badstua heller! Vi koste oss med brettspel, kort og puslespel på kveldane og naut god mat. Eg fryktar at det vert noko meir folk på vinterkurset som tek føre seg skredfare….

Årest sikkerheitskurs varte frå fredag 10. til søndag 12. september. Skredkurset kjem nok ein gong rundt mars.

Galleri:

Snøhornet

Våkna til fint vêr her ein torsdag og fann ut at i dag skulle Snøhornet bestigast. Hornet er 1309 meter høgt og starten er frå ca 230 moh. Turen går over 5 km, så ikkje altfor bratt mao. Turen er merka til middels tung i boka Fotturar på Sunnmøre (som anbefalast på det varmaste). Boka bereknar også turan opp til 3 timar, noko som stemmer ganske bra; trekk frå 11 min så har du tida mi.

På kartet (klikk på kartet for større bilde) kan ein sjå dei 2 «hovedrutene», der den eine er ei sommarrute, med start frå Kvernaelva og den andre har start frå gamleskulen på veg ned til Årset. Sistnemde er nok vinterruta, som óg kan gåast om sommaren. Eg valde ruta frå elva. Turen startar med ein bil- eller sykkeltur inn i Aldalen og start ved brua som kryssar Kvernaelva.

Turen går i lettgått terreng, men med nokon bratte parti. Stien er grei å følge opp til steinura, deretter er det ein gjetteleik. Toppen gir god utsikt, og ein kan sjå både Volda og Ørsta på same tid. I tillegg til det meste anna i lokalregionen. Rekn med vin på siste halvdel av turen, så ta med vindjakke. Det er heller ikkje noko vatn å snakke om på vegen no i september, så ta med rikelig av dette.

Mangelen på raudmerking merka eg ikkje godt før eg skulle gå nedover frå toppen. I galleriet nederst i innlegget ser du eit (par) bilde av steinura. Og når då den einaste merkinga er grå steinvardar, ja då seier det seg at det blir eit problem. Det er omtrent like vanskelig som å få auge på rypa. Kombiner dette med mangel på sti (dette er ikkje den mest trafikkerte ruta på sunnmøre) og du får ein god anledning til å gå deg vill. Det gjorde eg. No er det ikkje ekte «vill» for ein ser kvar ein skal ende opp, men vegen dit er ikkje så enkel. Og når ein er ferdig med steinura, er merkinga så dårleg at ein skal halde tunga rett i munnen for ikkje å gå feil eit par plassar. Og ein må følge stien for å kome ned dei brattaste partia.

Alt-i-alt terningkast 4, mest pga utsikta og dyrelivet. Men du skal være i overkant glad i stein for å gje denne turen toppkarakter på sommarstid. Eg har planar om å prøve igjen på vinterstid med ski på føtene, og vil tru at turen er endå finare uten å måtte gå på kvasse steinar.

Eg laga eit panoramabilde frå utsikta på vegen opp:

Trykk for større bilde

PS: Har du problemer med å få lukka bildet, trykk deg eit bilde tilbake i visaren og lukk det.

Galleri:

Nordfjordeid

Nordfjordeid er ein plass eg ikkje har gått på fjelltur før. Så då klassekollega Rune tipsa meg om ein fin inngangsport til friluftsliv måtte eg berre kaste meg på. Turen går på (det eg tippar er) sørsida av Nordfjoreid, frå badeplassen Osvika og opp til Ossetra som ligg ved… you guessed it: Osvatnet :p Heile stien eg gjekk er forresten merka på kartet. Frå Ossetra (evt Ossætra som det står nokon plassar) gjekk eg langs ryggen av fjellet, bort til Skipenessetra, og deretter nedatt til sentrum. Frå Skipenessetra kan ein og gå til Trollenyken om ein har litt meir tid enn eg hadde til rådigheit. Ser ut som ein middels hard, men flott tur. Så kanskje neste gang ;)

Om du lurar på å gå turen, så vil eg anbefale å gå seint på dag, gjerne inn mot kvelden. Eg brukte ca 2,5 timar på heile turen frå start til slutt. Korleis dette vil være for deg som les dette, veit eg ikkje, men du kan nok sikte på ein plass mellom 2 og 2,5 timar, sjølv om infotavla i starten seier 1,5 timar. Bratt i starten og bratt ned på slutten. Grunnen til at eg vil anbefale kveldstur er at sola viser seg seint på opp og nedtur; ein går i ein nordvendt fjellside som er bratt og avsølt [tyder "som er, ligg på skuggesida, avsøles"]. Eg gjekk i skugge sjølv så seint som kl 14 på dagen. Bortsett frå at dette vart litt kaldt ein septembermorgon, så kan skugga være fin i slik bratt stigning. Sjølv likar eg best å gå i sol ;)

Sjølve turen langs ryggen på toppen har nokon fine utsikter! Men eg har nok vorte ein litt meir snaufjellmann, så eg trivest etterkvart best over tregrensa, med tilhøyrande utsikt. Turen over ryggen ligg under tregrensa og ein går dels i skog.

Alt i alt ein flott tur, og eg fekk anledning til å prøve ut min nyaste «patent» for å kunne kombinere motorsykling og fjellturar. Meir om det i eit anna innlegg ;)

Her er galleriet frå turen:

Kajakktur

Denne helga var det overnattingstur med Herøy Kajakk Klubb (HKK), padleklubben eg har meldt meg inn i. Turen var lagt til vakre Snipsøyrvatnet utanfor Hareid sentrum, og med det flotte vêret vi har hatt her i det siste viste naturen seg frå si beste side! Bilda i galleriet nederst i inlegget viser kor flott me hadde det :)

Me hadde oppmøte kl 14.30 på Overåsanden og skulle pakke om her. Eg var spent, eg hadde ikkje møtt nokon av dei før! Ikkje eingang snakka med dei på telefon. Men «bekymringane» mine vart fort gløymt og det viste seg at eg ikkje var den einaste nye på den turen. Folk var pratsome og forklarte villig vekk om padling til nykommaren frå Volda. Flask, synest eg, for eg hadde berre eit 2,5 timers padlekurs bak meg. Ikkje mykje å slå i bordet med på ein langtur som denne. Nå vart ikkje turen like lang som eg frykta, vi padla til ein populær leiplass og brukte dette som utgangspunkt for padlinga. Så det vart stort sett å padle rundt det neset vi hadde leiren på. Men det var lærerikt nok for min del, og eg prøvde å snike til meg all den kunnskapen dei meir erfarne hadde.

Overnatting ute er skjelden feil, iallefall ikkje i ein slik vakker september, så vi vart sittande rundt bålet og skravle til ca 0200 før me fann til soveposane. Eg benytta også anledninga til å teste ut mitt nye Exped SynMat 7, og det passa perfekt inn i Hilleberg Akto-teltet mitt (det grøne teltet i galleriet). Våkna frisk og opplagt og klar for ein ny, varm leikedag i vatnet. Våtdrakta var på i 11-tida og kom ikkje av før turen vart avslutta i 18-tida. Herlig måte å bruke helga på! Lærte masse, vart kjend med mykje kjekke folk og fekk utnytte vêret til det fulle :)

Turen frista absolutt til gjentagelse, og HKK har klubbturar søndagar gjennom heile året. Om ikkje alle søndagar, så iallefall ofte nok for meg.

Kirkenes

Kommunevåpenet til Sør-VarangerDenne somaren var eg så heldig at eg fekk besøke eit vennepar av meg, Gunnhild og Per Anders, i Kirkenes. Kirkenes er kommunesenteret i Sør-Varanger, ein kommune heilt på grensa til Russland. Ein plass eg har ønskt å besøke lenge, og som eg valde å reise til når «alle andre» reiser til Syden. Gunnhild og Per Anders hadde sjølvsagt planar for meg, gode vertar som dei er! Og det gjekk slag i slag med kjekke opplevingar og spennande natur.

Eg starta med kveldsflyet frå Hovden på mandag den 21. juli. Turen gjekk såvidt innom Oslo og overnatting hjå Ragnhild og Brigt Ove, før eg møtte Gunnhild i gryotta på Gardermoen tysdag. Per Anders kjørte saman med faren sin frå Volda til Kirkenes(!) og skulle møte oss der ein dag seinare. Eg og Gunnhild hadde booka oss inn på morgonflyet frå Gardermoen og fekk difor ein hyggelig tur med herleg (gratis) frukost hjå SAS. Og gratis mat smakar ofte best for ein ekte Sunnmøring…

Etter ein tur på litt over 2 timar landa vi i Kirkenes. Møtet var vel som forventa; flat natur og vind. Men sola skein og eg gleda meg til møtet med sjølve Kirkenes sentrum! Og eg vart ikkje skuffa; dei fleste av mine stereotype forventningar om gruvebyen vart infridd. Men eg fekk ikkje mykje tid til å verte kjent med sentrumet, mammaen til Per Anders ville ta oss med på grensehandel i Finland.

Så turen gjekk fort til Neiden og vidare til ein Finsk «plass» som sikkert manglar namn (eg har iallefall gløymt det). Grunnen til at eg skriver «plass» er at dette er 3 butikker (2 konkurrerer faktisk), ei bensinpumpe og eit hus. Laga for grensehandel og minner mest om ein rasteplass i ein Tarantino-film. Du kan trykke på bildet til høgre for ein større versjon. Men grensehandel er kjekt uansett, så her vart det handla alkohol, røyk og mat. Sjølv om mykje er det same som i Noreg, og ikkje mykje billegare heller, fann vi også noko vi ikkje har i gamlelandet. F.eks. grandiosa-pizza med mykje fleire smakar enn her heime. Og verdas beste grillribbe, som vi satte til livs rett utanfor butikken. Og er den ikkje den beste i verda, så havnar den lett på Top10!

Utpå onsdagen kom Per Anders og vi hadde allerede bestemt at han skulle bli med oss til Appelsinsteinen, eit fint og nært turmål for folk i Kirkenes.Været var så-som-så, men turen var fin og vi tok ein omveg tilbake for å nyte den flotte naturen endå meir. Dagen starta endå tidlegare for meg og Gunnhild med storshopping på dei lokale sportsbutikkane før turen. Kirkenes har faktisk godt utval på turklede med heile 4 butikkar å velge mellom!
På kvelden tok vi turen til eit vennepar av Gunnhild og Per Anders, Stine og Anders (dei er på bilda i botnen av innlegget).

Russermarknaden er ein litt spesiell handing i Kirkenes, då kjem det torg-boder frå Russland og ein kan finne mykje rart her. Ej kjøpte bl.a. ei god, fora vinterhue. Eg koste meg med denne «unike» hendinga, sjøl om eg vakna denne torsdagen med ein sår hals og litt feber. Men eg hadde bestemt meg at litt sjukdom ikkje skulle øydelegge denne flotte turen for meg! Og godt var det, for sjukdommen ga seg ikkje før på slutten av oppholdet her i nord :p
Etter middag bar det ut på hyttetur#1, til ei hytte i Ropelv. Turbilda og hyttebilda i botnen av innlegget er frå dette området. Vi kasta ikkje vekk noko tid, og for rett på fisketur. Med midnattsol var iallefall ikkje mørket eit problem. Eg fekk faktisk min første fisk fanga frå land her, men stakkars vesle fisken vart slept utatt. Koselig var det iallefall på tur, vi laga bål og kosa oss i fantastiske omgivelsar. Hit skal eg tilbake!

Eg vakna opp fredag og merka godt at eg hadde vore ute mykje av dagen før; forma var enda dårligare! Haudeverk og influensakropp er ikkje ønskeforma, men vi hadde avtalt fjelltur og hadde været med oss. Turen gjekk til Øretoppen, ein høg topp i området rundt Kirkenes. Turgåarane var meg, Per Anders, Solveig og Arne (mor og far til PA). Og huskyen Charlie. Vi gjekk i flott og relativt flatt turområde, og fekk ein nydelig tur med masse utsikt på toppen (her er ein video nokon andre har laga om området me gjekk i). Vi bestemte oss for å gå vidare til Partisanerhulen (avisartikkel), og det spennande her er at Solveig (altså mor til Per Anders), var med på å finne denne hula! Ho er t.o.m. avbilda i avisartikkelen. Ho kunne fortelle mykje spennande om hula, og det samme ein spiss på opplevinga. Turen tok ca 8 timar, gjennom variert terreng som grasheier, blokkmark, myr og skog.
Vi kom tilbake til hytta og vart etterkvart besøkt av Stine og Anders, som var på ei hytte ikkje så langt ifrå oss.

Laurdagen kom gråværet og regnet. Og vi skulle tilbake til Kirkenes for å prøve utelivet. Formen min var litt bedre, men eg hadde likevel bestemt meg for å gå ein tur til på Appelsinsteinen. Gunnhild og Per Anders var ikkje heilt i form, så eg spurte Stine om å være selskap. Flaks var det, for ho tok på seg rolla som guide i ein del av Sør-Varanger eg ikkje hadde sett! Og eg kan med handa på hjartet seie at denne kommunen har mykje å by på, både i natur og aktivitetsområder.
Utelivet i Kirkenes er vel som dei fleste andre plassar på denne størrelsen. Vi var på «Hamna» og «Ofalars» med påfølgande nach hjå Stine og Anders.

Utpå søndagen starta vi på hyttetur#2, denne gangen til Arne (pappa til PA) si hytte som var eit godt stykke frå Kirkenes (dei 3 bilda i albumet frå båttur er derifrå). I gråvær med litt vind og regn var det ikkje mykje anna å gjere enn å kose seg innandørs denne kvelden. Mandagen var heller ikkje storvegs på værfronten, så vi tok turen til Tana (som egentlig heiter Tana Bru) og besøkte Sølvsmia. Absolutt verdt eit besøk, men Tana Bru har ikkje så veldig mykje meir å by på. Vi rakk å være turistar i eige land, og besøkte bl.a. Varanger Samiske Museum i Varangerbotn, med Arne som guide. Skiippagurra fekk vi også sjå, men festivalen der hadde ikkje starta endå. Vi fekk også tid til ein svipptur innom Finland for litt reproviantering, og besøkte dersom det nordligaste punktet i EU.
Kvelden vart brukt til ekte sauna som Arne har bygd eit eige hus til. Litt spekemat og øl gjorde opplevelsen komplett ;)

Så kom endeleg dagen då vi kunne prøve noko eg hadde sett høgt på ønskelista for turen: sjarkfiske! Dette er jo noko heilt spesielt for denne delen av landet, og ein eigen kultur å rekne. Eg vart ikkje skuffa, Arne hadde sjarken i orden og fiskeutstyret vart flittig brukt. På bilda i albumet til dette innlegget held eg ein steinbit på ca 5,5 kg som eg drog opp frå djupet! Dette var ein verdig avsluttning på ein flott tur i denne vakre delen av landet. Ein stor takk til Gunnhild og Per Anders som underheldt meg i 8 dagar og ein kjempetakk til Solveig og Arne som åpna sine heimar for meg. Det vart garantert ikkje siste gong eg reiser nordover for å oppleve ferie, fritid og ro i sjela.

Aktiv ferie!

Med ekstra lang sommarferie i år, skulle ein tru at eg fekk tida til å være heime i Volda ein del, men slik vart det ikkje! Sommar kan være rett travelt :p Planen er å blogge litt om kvart ting eg har vore med på, men her kjem ein liten oversikt:

Eg kan ikkje seie anna enn at det har vore hektisk, men kjempemorro! Og sommaren er ikkje over endå…