Ny sesong!

No er det snart året sida eg oppdaterte bloggen sist. Kvifor så lenge?

Først av alt så har denne bloggen i stor grad vorte ein turblogg, med tema rundt friluftsliv og natur. Det vart ikkje så mykje tid til det med ein hund i hus. Ja, du leste rett. Små kvalpar skal visst ikkje gå så langt.

Så var det dette med vêret og friluftsliv: det går litt hand i hand. Sommaren regna stort sett vekk, og t.o.m. vår planlagde tur til Tafjordfjella vart ein grå og våt opplevelse. Det kjem ein post om denne turen seinare.

Huset slik det var då me kjøpte det

Men brorparten av grunnen til at eg ikkje har oppdatert bloggen min, er tidsnaud. I juli bestemte me oss for å kjøpe eit hus i Brusdalen. Huset litt 5 min frå Moa, såvidt inne i Skodje kommune. Det betydde ein del arbeid, og me har fortsatt ikkje eit fungerande kontor. Når eg i tillegg fekk jobb på Brandal Friskule som kontaktlærar for 5. 6. og 7. klasse, så låg alt duka for ein aktiv haust.

 

Ein ny bil har det også vorte på oss!

Me har bytta ut «tanksen»« med en litt bedre bil

Tanksen kokar

Suzuki Baleno

Så tilbake til min opprinnelege bodskap: No har den nye sesongen starta. Huset er snart «ferdig» oppussa, firehjulstrekkarane e på plass og snøen er komen som eit flott kvitt teppe. I dag var første skitur med Varga som «motor» for snørekjøyringa. Haudelykta mi slutta å virke eit stykke ut i turen! Varga koste seg iallefall og heimturen i relativ mørke (det er ikkje ei opplyst turløype) kombinert med tynne løype-ski, mykje laussnø og ei veldig trekkvillig Varga vart tidvis veldig spennande! Heldvisvis vart det berre eit par dett og synet av bilen gjorde godt. Området var kjempefint, og det vert ikkje siste gang eg går på ski der!

Me har forresten bestemt oss for å få oss ein hund til, så med to trekkvillige hundar trur eg at det vert breidare ski når hund#2 kan være med å trekke. Breide ski, med feller…

Så no er det berre å håpe at snøen vert liggande til over påske neste år! Det er iallefall ingen bakdel å bu nære Ørskogfjellet og Engesetdalen når ein likar å gå på ski. Let the season begin!

Varga

Varga og mini-matmor

Eg har lenge ynskja meg ein hund, og siste helga i januar gjekk draumen i oppfylling :D Eg og Tanya fekk henta den søtaste siberian huskyen i Sogndal. Bildet til høgre viser Varga og dottera til oppdrettaren. Me fekk leike litt med tre kvalpar som me kunne velge mellom, og landa til slutt på den kvalpen som me følte me fekk best kontakt med. Det er ikkje lett å velge ut ein hund blandt fleire søte, tru meg! Men Varga var nyskjerrig og tøff, så me ville være sikker på at me ikkje fekk ein reservert hund. Det kan sjå ut som om me har valgt rett…

Navnet på hunden var det me som bestemte. Det er ikkje så veldig lett å finne eit navn som begge to likar og som også kler hunden. Men «Varga», som sikkert betyr noko slikt som «Ulve-jenta», passa bra på ein slik hund!

Varga er p.t. ca 2 1/2 mnd, så fortsatt er det mykje som er nytt for ho (og oss). Men det er kjekt å ha denne lille pelsdotten rundt seg i huset, sjølv om det av og til kan være skikkelig frustrerande ;) Men me skal passe på å være litt «strenge» i starten og bruke mykje tid på dressur, slik at me får oss ein flott turkamerat i åra som kjem! Og det med turkamerat var delvis begrunnelsen for å skaffe oss ein slik hund. Me er glade i friluftslivet og håpar at Varga kan hjelpe oss til å få oppleve endå meir flott natur :)

I dag var vi på skitur i Rotevassdalen og dét er noko me kan lære oss å like, både hund og «foreldre». Her er nokre bilder:

Sunndalen

Ein flott tysdag i august bestemte eg og Tanya oss for å prøve ein relativt ukjent del av lokalområdet, nemmelig Sunndalen. Sunndalen er ein flott og frodig dal som startar innerst i Austefjorden (Fyrde) og går sørover til Grøndalen, og då er me omtrent i Sogn & Fjordane. Området er ikkje overbrukt når det kjem til turstien, men området er regulert til anten vassverk eller vasskraft, og det er ein del ingrep i naturen. Bl.a. er det ein bilveg som går heilt opp til ei demning. Men desse inngrepa er ikkje så veldig synlege frå den raudmerka stien oppover

Turen starta frå ein gamal jakt-post ved eit jorde (her er det best å berre stoppe folk og spørre etter vegen, men i teorien kan ein seie at jakt-posten står rett før ein er komen til botnen av dalen), og gjekk oppover på ein noko overgrodd og relativt dårleg raudmerka sti. Vanskegrada er middels bratt, men turen er ganske kort.

Me kryssa brua ein kjem til, og gjekk opp til Sunndalsetra for å skrive oss inn i boka, men det ser ut til ein kan halde seg på høgresida av dalen også. Etterpå bar det opp ei lita kneik til Sunndalsetrevatnet, og om ein vil kan ein fortsette opp det bratte og steinete Sunndalskaret over til Grøndalen. Vi stoppa etter å ha prøvd oss på det forfriskande vatnet, for dette var ein dag med høg luftfuktigheit og svetten rann på vegen opp.

Eg huskar ikkje heilt kor lang tid vi brukte på vegen, men det er ikkje lange turen. Det kan likevel nemnast at stien opp kan være litt slitsom med mange høge kneløft og sleipe steinar (iallefall i den tida me gjekk der).

Breidfjell

Ein fin søndag vart eg invitert med Gunnhild og Per Anders på tur. Mor til PA var på besøk, og planen var å vise fram litt meir enn berre tindane rundt Volda. Turen vart lagd til Hareidlandet, og vi enda opp med å ringe Beathe Pilskog for turtips :) Og Beathe peika oss mot eit flott turområde. Vi eida opp med ein tur til Breidfjell.

Breidfjell (eller Breifjell som eg har sett det skreve nokon plassar) er ein fjelltopp på Hareidlandet. Vegen hit startar i Ulsteinvik og avkjøyrsla til Flø. Følg vegen mot Flø heilt til ein kjem til eit blått «skulebygg» som ligg nesten heilt intill vegen. Ta opp vegen FØR huset og følg denne heilt opp til enden. Her går det ein bratt grusveg opp Ulsteindalen heilt opp til Litlevatnet.

Og Litlevatnet er eit flott utgangspunkt for mange turar. Hareidlandet er jmf. Kirkenesbebuarar flatt og kunne like gjerne ha vore i Finnmark, så terrenget er lett å gå i. Litt gjørmete til tider, men her og der er det kloppar å gå på. Som ein kan sjå på kartet er det mange spennande turmål i området, og ein kan ta enten enkeltturar eller ta ei lang runde. Det er også mogleg å gå rundt Litlevatnet som ein litt lettare tur.

Sjølve toppen Breidfjell ligg på 534 moh og gir flott utsyn utover havet vestover, og over nokre spesielle områder der det er teiger oppdelte med steingarder. Desse kan også sjåast på Flø og er ein del av eit spennande kulturlandskap. Det blir nok ikkje siste gong eg dreg på tur hit ut :)

Lidaveten

Endelig var det min tur å ta turen til Lidaveten. Toppen er på 592 moh, og er ei middels bratt stigning opp mesteparten av vegen. Utsikta frå Lidaveten er flott og ein ser utover Hareidlandet og Gurskøya. Ordet «vete» er det same som «varde», iallefall om ein tenker på varden som det gamle kommuniasjonsjonmiddlet det var. Vardane var opprinneleg ferdigbygde bål som kunne tennast om ein såg fiendar, og var plasserte på toppar som var godt synleg frå området rundt. Då er det ikkje vanskelig å skjøne at Lidaveten var eit godt valg i så måte; her har ein god utsikt til store delar søre sunnmøre! I tillegg kunne ein ha god kontroll på båtar som kom innover frå kysten.

Turen til Lidaveten startar frå Berkvika i Volda kommune. Den vanligaste måten å kome seg hit på er å følge vegen E39 mot Ørsta og ta av mot Bjerkvika/Berkneset på Egset. Ein kan også følge nyevegen til Eiksundsambandet (Rv 653) mot tunellen og ta av rett før bommen, mot Steinnes. Når ein kjem til Bjerkvika følg ein skilting mot Eidheim. Då kjem ein etterkvart til starten på ein fjellveg, der det er merka med eit raudt band i avkjørsla. Denne vegen kan være steng med bom, men denne var åpen når eg var her. Parkeringsplass er heilt i starten på fjellvegen, og eg starta turen herifrå.

Rolig start på god veg oppover heilt til vegen svingar inn i skogen. Det er ein del myr på starten, så joggesko er ikkje nødvendigvis det beste valet. Litt stigning opp til eit utsiktpunkt, og deretter middels bratt stigning opp til toppen. Luftig i nokre bratte part, men det er skog omtrent heile vegen til toppen så ingen klatring er nødvendig. For dei som føler seg i grei form tar denne turen 40-50 min, lenger om du vil stoppe og nyte utsikta :)

Molladalen

Natura arrangerte helga 24.-26. sept ein tur til vakre Molladalen. Eg måtte då velge mellom padlesamling på Rangøya og helgetur i nærområdet. No har eg aldri vore i Molladalen, så eg tykte eg måtte bruke finevêrshelga til å oppleve denne mykje omtalte dalen.

Skuffa vart eg iallefall ikkje, vêrgudane la si beste side til og ga oss flott haustsol å nyte dalen i. Eg og to andre tok turen oppover på laurdags føremiddag, og skulle møte dei andre som etter planen skulle ta turen til Bladet denne dagen. Turen opp var middels tung med ein sekk på nærare 20 kilo, og turen endte opp på ca 3,5 timar. Men då tok me lange pausar ;)

Me kom opp til ein folketom leir og antok at alle skulle være på Bladet til seint på kveld, men plutselig kom det ruslande fleire smågjengar inn i leiren. Det viste seg at renna ein går for å komme opp til Bladet var full av fryst smeltevatn, og gjorde oppgangen vanskelig. Det var difor berre seks som hadde gått opp dit, resten hadde tatt turar i andre områder her oppe.

Men me skriv tross alt slutten av september, så nokon storvarme var det ikkje. Sola gjekk ned tidleg med vakre fargar, og kulden sette raskt inn. Sjølv om soveposen var fristande tidlig på kveld, prøvde eg å utsette legginga lengst mogleg, og ekstra kjekt var det at Åsmund Vaage også kom til leiren. Flesteparten hadde gode liggeunderlag og soveposar så over halvparten av turfolket låg ute denne natta. Og for ei natt! Sterk måne som lyste opp fjella rundt oss og ein mektig stjernehimmel kan gjere kvar og ein av oss litt filosofiske. Og det var heller ikkje verst å vakne opp til sola som lyste opp tindetaggane.

Natta hadde hatt minusgrader, det var tydeleg frå vassflaskene som låg rundomkring. Sola tok seint på den odden me låg på, så det var om å gjere å få i seg ein varm frukost så fort ein kunne. Min frukost besto av havregraut, og det er rett og slett det beste eg kan starte ein slik turdag med. Vi var ein gjeng som bestemte oss for å prøve Mollaskaret, der ein går over til Ytre-Standal. Her var det spektakulære tindar som vi kunne rangle litt på, og nokon plassar var det så skarpe taggar at eg er sikker på at du kunne ha delt ein vannmelon på dei! Ein spennande opplevelse!

Når ein så er i Molladalen, så merkar eg korleis lysta på fjellklatring melder seg. For det er kanskje ikkje så innmari mykje meir å gjere i Molladalen enn å bruke desse steile fjella til noko, og det er ikkje så overveldande mange moglegheiter for vanlege fotturar. Men så var det dette med å henge i eit tau i høge høgder då…

Galleri:

Hestehornet

Hestehornet ligg fin plassert rett ved Krøvelsætra. Den enklaste vegen er å kjøyre over Krøvelseide og nedover svingane mot Åmdalen. Etter eit par svingar kjem det ein parkeringsplass og ein bomveg. Parker anten her eller betal for å kjøyre heilt opp til Krøvelsætra. Eg parkerte her nede for å gjere turen litt lenger, sjølve turen opp til Hornet er kortare enn det ser ut.

Alternativt, og sannsynligvis ein meir spennande tur, er ruta via Rotevassætra. Har kan ein følge ein privatmerka sti som tek deg utanfor dei verste våtområda rundt Krøvelsætra. Finn start på stien ved eit av hyttene nærast Krøvelsætra og sikt deg inn på å gå ein boge rundt ein liten kulp.

Turen frå Krøvelsætra til toppen tek 30-45 min, men det er slitsomt å gå i den våte myra. Vert enklare når ein kjem opp i sida. Vasstette sko er ein fordel her. Tek ein turen via Rotevassætra er det noko tørrare.

Oppdatering: Laga eit panoramabilde av ein tur i flott haustvêr.

Rotevassætra

Turen til Rotevassætra er ein fin tur både somarstid og som skitur om vinteren. Sjølv brukar eg 2 forskjellige utgangspunkt avhengig om eg går/syklar eller går på ski.

På somaren er det best (men kanskje ikkje like spennande) å starte ved første avstikker på vegen ned til Vassbotn. Trykk her for eit kart. Dette er ein bomveg, med port for sykkel o.l. vegen delar seg i 2 etter 1,5 km, ta då opp bakken og følg denne vegen vidare 3,5 km opp til sætra. Vegen er bratt, men kan også syklast. Sjå etter forbods-skilt under teleløysinga.

Vinterstid er det mest populært å starte frå Helgatun og gå innover derifrå. Her er det preparerte løyper. Vær obs på at vegen kan dele seg etterkvart i eit opptrakka spor, men ein kjem fram til sætra uansett kva veg ein vel.

Rotevassætra kan være utgangspunkt for fleire turar, m.a. til Hestehornet og Botnasætra.

|

Sogndal somaren 2010

I løpet av somaren prøvar eg å få iallefall éin tur innom hytta. I år vart det ei langhelg, og tida gjekk med til å jobbe rundt hytta og sosialisering med besta og resten av familien. Men eg fekk heldigvis tid til nokon flotte fjellturar óg! Eg var på Fagreggi (bildet) og Volane.

Turen til Fagreggi går i eit flott område, sjølv om det er litt vått og myrete i starten. Start frå Hollekve og gå over brua. Vidare så er det litt vanskelig å forklare, det går nokon forskjellige stiar der. Men ta sikte på skaret som står på kartet og gå mot Kollsetestølen. Følger du (den litt dårlige) raudmerkinga, er det ruta som står på kartet. Dette er ikkje den mest brukte stien opp hit, men er gåbar om ein tek seg tid til å sjå litt etter neste raude T.

Volane ligg på motsatt side av Sogndalsdalen. Hytta vår ligg på Kleiv, så følg vegen vidare til der det står Litlabø. Her er merkinga på kartet litt dårleg, men kjør iallefall opp til garden på Litlabø og spør fint om å få parkere. Traktorvegen som går halve vegen opp, verkar ikkje påteikna kartet, men den startar iallefall med grinda rett ved garden. Følg den til den går over i raudmerka sti, som går vidare heilt opp på Spe (bildet). Der kjem ein inn på merkinga på kartet, og ein kan følge sti både til Navarsete og Stepin. Vi går sistnemde. Om ein slit med å finne vegen, gå vidare opp ein av sauestiane til Øvste Spe, det er ei einsleg hytte som ligg oppå ei «hylle». Derfrå er det lett å følge (merka) sti sørover.

Turen opp til Spe er til dels bratt, men turen tek ikkje meir enn 35-50 min. Stien kan nok oppfattast som i brattaste laget innimellom. Vatn kan stort sett fyllast i ei elv på vegen, iallefall på somarstid.

Vegen går vidare til Stepin, men vi tok ein avstikkar til Volane. Stien her er opptrakka, men eg trur ikkje den var merka. Det er uansett vanskelig å gå feil. Gå slik at ein kjem opp i høgda og ser ned på det store myrområdet. Der kan ein gå over eit lite skar og følge stien innover til dei 2 vatna som ligg der. Det vatnet som er lengst vekk har eit flott nes der det er «tillaga» bålplass. Tørrveden plukkar du med deg på vegen. Kjekt at dei fleste her brukar den same bålplassen, så vert merka og slitasjen på naturen minimal.

På heimturen tok me same vegen tilbake som me kom, og følgde raudmerkinga vidare til Stepin, der me gjekk ned. Stien ned er bratt, men god. Klatring er ikkje nødvending.

Melshornet

Melshornet (807 moh) ligg fint plassert på grensa mellom Volda og Ørsta med spesielt fin utsikt til Ørsta sentrum. Også god utsikt mot Helgehornet og ut langs Ørstafjorden. På somarstid startar dei fleste med ein tur på Dinglavatnet. Følg deretter opptrakka sti frå stolpen med boka, langs sørsida av vatnet. Stien går først flatt langs vatnet og deretter småbratt oppover mot toppen. Ingen klatring eller høge stup, men eit «lurefjell» som lar deg tru du er oppe før du er!

Tidsmessig vil eg tippe 30-45 min frå Dinglavatnet, alt ettersom pausar.

Vinterstid kan ein ta skitrekket opp frå Reset og gå innover via Sandhornet og Grøthornet