Arkiv for kategorien "Misc"

Kirkenes

Kommunevåpenet til Sør-VarangerDenne somaren var eg så heldig at eg fekk besøke eit vennepar av meg, Gunnhild og Per Anders, i Kirkenes. Kirkenes er kommunesenteret i Sør-Varanger, ein kommune heilt på grensa til Russland. Ein plass eg har ønskt å besøke lenge, og som eg valde å reise til når “alle andre” reiser til Syden. Gunnhild og Per Anders hadde sjølvsagt planar for meg, gode vertar som dei er! Og det gjekk slag i slag med kjekke opplevingar og spennande natur.

Eg starta med kveldsflyet frå Hovden på mandag den 21. juli. Turen gjekk såvidt innom Oslo og overnatting hjå Ragnhild og Brigt Ove, før eg møtte Gunnhild i gryotta på Gardermoen tysdag. Per Anders kjørte saman med faren sin frå Volda til Kirkenes(!) og skulle møte oss der ein dag seinare. Eg og Gunnhild hadde booka oss inn på morgonflyet frå Gardermoen og fekk difor ein hyggelig tur med herleg (gratis) frukost hjå SAS. Og gratis mat smakar ofte best for ein ekte Sunnmøring…

Etter ein tur på litt over 2 timar landa vi i Kirkenes. Møtet var vel som forventa; flat natur og vind. Men sola skein og eg gleda meg til møtet med sjølve Kirkenes sentrum! Og eg vart ikkje skuffa; dei fleste av mine stereotype forventningar om gruvebyen vart infridd. Men eg fekk ikkje mykje tid til å verte kjent med sentrumet, mammaen til Per Anders ville ta oss med på grensehandel i Finland.

Så turen gjekk fort til Neiden og vidare til ein Finsk “plass” som sikkert manglar namn (eg har iallefall gløymt det). Grunnen til at eg skriver “plass” er at dette er 3 butikker (2 konkurrerer faktisk), ei bensinpumpe og eit hus. Laga for grensehandel og minner mest om ein rasteplass i ein Tarantino-film. Du kan trykke på bildet til høgre for ein større versjon. Men grensehandel er kjekt uansett, så her vart det handla alkohol, røyk og mat. Sjølv om mykje er det same som i Noreg, og ikkje mykje billegare heller, fann vi også noko vi ikkje har i gamlelandet. F.eks. grandiosa-pizza med mykje fleire smakar enn her heime. Og verdas beste grillribbe, som vi satte til livs rett utanfor butikken. Og er den ikkje den beste i verda, så havnar den lett på Top10!

Utpå onsdagen kom Per Anders og vi hadde allerede bestemt at han skulle bli med oss til Appelsinsteinen, eit fint og nært turmål for folk i Kirkenes.Været var så-som-så, men turen var fin og vi tok ein omveg tilbake for å nyte den flotte naturen endå meir. Dagen starta endå tidlegare for meg og Gunnhild med storshopping på dei lokale sportsbutikkane før turen. Kirkenes har faktisk godt utval på turklede med heile 4 butikkar å velge mellom!
På kvelden tok vi turen til eit vennepar av Gunnhild og Per Anders, Stine og Anders (dei er på bilda i botnen av innlegget).

Russermarknaden er ein litt spesiell handing i Kirkenes, då kjem det torg-boder frå Russland og ein kan finne mykje rart her. Ej kjøpte bl.a. ei god, fora vinterhue. Eg koste meg med denne “unike” hendinga, sjøl om eg vakna denne torsdagen med ein sår hals og litt feber. Men eg hadde bestemt meg at litt sjukdom ikkje skulle øydelegge denne flotte turen for meg! Og godt var det, for sjukdommen ga seg ikkje før på slutten av oppholdet her i nord :p
Etter middag bar det ut på hyttetur#1, til ei hytte i Ropelv. Turbilda og hyttebilda i botnen av innlegget er frå dette området. Vi kasta ikkje vekk noko tid, og for rett på fisketur. Med midnattsol var iallefall ikkje mørket eit problem. Eg fekk faktisk min første fisk fanga frå land her, men stakkars vesle fisken vart slept utatt. Koselig var det iallefall på tur, vi laga bål og kosa oss i fantastiske omgivelsar. Hit skal eg tilbake!

Eg vakna opp fredag og merka godt at eg hadde vore ute mykje av dagen før; forma var enda dårligare! Haudeverk og influensakropp er ikkje ønskeforma, men vi hadde avtalt fjelltur og hadde været med oss. Turen gjekk til Øretoppen, ein høg topp i området rundt Kirkenes. Turgåarane var meg, Per Anders, Solveig og Arne (mor og far til PA). Og huskyen Charlie. Vi gjekk i flott og relativt flatt turområde, og fekk ein nydelig tur med masse utsikt på toppen (her er ein video nokon andre har laga om området me gjekk i). Vi bestemte oss for å gå vidare til Partisanerhulen (avisartikkel), og det spennande her er at Solveig (altså mor til Per Anders), var med på å finne denne hula! Ho er t.o.m. avbilda i avisartikkelen. Ho kunne fortelle mykje spennande om hula, og det samme ein spiss på opplevinga. Turen tok ca 8 timar, gjennom variert terreng som grasheier, blokkmark, myr og skog.
Vi kom tilbake til hytta og vart etterkvart besøkt av Stine og Anders, som var på ei hytte ikkje så langt ifrå oss.

Laurdagen kom gråværet og regnet. Og vi skulle tilbake til Kirkenes for å prøve utelivet. Formen min var litt bedre, men eg hadde likevel bestemt meg for å gå ein tur til på Appelsinsteinen. Gunnhild og Per Anders var ikkje heilt i form, så eg spurte Stine om å være selskap. Flaks var det, for ho tok på seg rolla som guide i ein del av Sør-Varanger eg ikkje hadde sett! Og eg kan med handa på hjartet seie at denne kommunen har mykje å by på, både i natur og aktivitetsområder.
Utelivet i Kirkenes er vel som dei fleste andre plassar på denne størrelsen. Vi var på “Hamna” og “Ofalars” med påfølgande nach hjå Stine og Anders.

Utpå søndagen starta vi på hyttetur#2, denne gangen til Arne (pappa til PA) si hytte som var eit godt stykke frå Kirkenes (dei 3 bilda i albumet frå båttur er derifrå). I gråvær med litt vind og regn var det ikkje mykje anna å gjere enn å kose seg innandørs denne kvelden. Mandagen var heller ikkje storvegs på værfronten, så vi tok turen til Tana (som egentlig heiter Tana Bru) og besøkte Sølvsmia. Absolutt verdt eit besøk, men Tana Bru har ikkje så veldig mykje meir å by på. Vi rakk å være turistar i eige land, og besøkte bl.a. Varanger Samiske Museum i Varangerbotn, med Arne som guide. Skiippagurra fekk vi også sjå, men festivalen der hadde ikkje starta endå. Vi fekk også tid til ein svipptur innom Finland for litt reproviantering, og besøkte dersom det nordligaste punktet i EU.
Kvelden vart brukt til ekte sauna som Arne har bygd eit eige hus til. Litt spekemat og øl gjorde opplevelsen komplett ;)

Så kom endeleg dagen då vi kunne prøve noko eg hadde sett høgt på ønskelista for turen: sjarkfiske! Dette er jo noko heilt spesielt for denne delen av landet, og ein eigen kultur å rekne. Eg vart ikkje skuffa, Arne hadde sjarken i orden og fiskeutstyret vart flittig brukt. På bilda i albumet til dette innlegget held eg ein steinbit på ca 5,5 kg som eg drog opp frå djupet! Dette var ein verdig avsluttning på ein flott tur i denne vakre delen av landet. Ein stor takk til Gunnhild og Per Anders som underheldt meg i 8 dagar og ein kjempetakk til Solveig og Arne som åpna sine heimar for meg. Det vart garantert ikkje siste gong eg reiser nordover for å oppleve ferie, fritid og ro i sjela.

Aktiv ferie!

Med ekstra lang sommarferie i år, skulle ein tru at eg fekk tida til å være heime i Volda ein del, men slik vart det ikkje! Sommar kan være rett travelt :p Planen er å blogge litt om kvart ting eg har vore med på, men her kjem ein liten oversikt:

  • Ein flott tur til Kirkenes! Nokon dreg sørover, eg snur nasa andre vegen og får oppleve noko av det flottaste Norge har å by på!
  • Obligatorisk sommartur innom Oslo, med bl.a. flott tur i Bærumsmarka
  • 5 dagars tur i Alvdalsfjella, mellom Tynset i vest og Femunden i aust
  • Tur til Vakre Valdres
  • Todo: Hyttetur i Sogndal

Eg kan ikkje seie anna enn at det har vore hektisk, men kjempemorro! Og sommaren er ikkje over endå…

Videoredigering i sky

YouTube har nettopp bestemt seg for å bli enda bedre! Nå kan alle bruke YouTube til å redigere videoene sine med! Tjenesten er nok i startfasen, så jeg antar at flere muligheter blir lagt til etterhvert. Gå inn på http://www.youtube.com/editor for å prøve. Sjekk gjerne ut YouTube TestTube for å se hva annet de har i thinktanken.

Reunion

Jeg tror tiåret vi har bak oss vil bli sett på som starten på en periode der vi ser mer og mer bort ifra landegrenser. Jeg håper det neste tiåret vil bli en periode der vi i mindre grad forbinder “identitet” med ”nasjonalitet”. Jeg vet at det finnes mennesker som i aller høyeste grad tenker sånn allerede. Eric Whitacre er en slik person. Han har nemmelig gjort dette:

Selv om dette ikke er den første videoen i slik stil, er det én av de bedre. Noen som har brukt det samme mediet/metoden til å promotere seg selv, er en Japansk gruppe med sangen ‘Hibi no Neiro’ (Tone of everyday). Et stykke behagelig visuelt kunstverk:

Jeg tror at årene 2010 til 2020 vil tilhøre de som finner nye måter å binde verdens individer sammen på. Som finner nye måter å samarbeide på, tross lokalisering, språk, interesser, kulturer og vaner. Evnen til å  planlegge resultat man ikke fullt ut kan styre veien til, er en evne som kommer mer og mer til syne når “vi” ikke lenger er begrenset av tekniske hjelpemidler. Viva la Sosiale Media!

De som laget videoen under, har skjønt noe som mange andre ikke har gjort. Og fått til å vise det på en veldig fin måte.

Stand By Me | Playing For Change | Song Around The World from Concord Music Group on Vimeo.

Igjen en stor takk til NRKBeta for tipset til videoen øverst i posten.

Om du fortsatt trenger spotify

icn_spotify_128Nå er det Spotify-invitasjoner å få! Gå inn på denne siden og registrer deg: Statoil sin side for Spotify-invitasjoner

Takk til Caroline fot tipset :)

Etter at du har innstallert Spotify, kan du trykke på følgende linker for å høre:

Mastodon – Crack the sky
Converge – Axe to fall
Kings of Leon – Only by the night
Vreid – Milorg
Dry Kill Logic – The Darker Side of Nonsense
Soulfly – Primitive
Mari Boine – It ain’t necessarily evil [Remixed vol II]

Blog Award

Janne Helen har sendt meg en blog award , godt mulig for å hjelpe meg å poste innhold på bloggen min ;) Takker for muligheten, og som ledd i denne awarden så skal jeg skrive 7 mer eller mindre spennende fakta om meg selv.

- Jeg  konstant rastløs.

- Liker stort sett ikke fisk, reker, krabbe, hummer, sjøku eller noe annet jeg rissikerer å kolidere med på svømmetur. Selv om jeg i det siste har blitt ovservert spisende på både laks og ørret.

- Er nok smått avhengig av sosiale medier, typ FB, MSN, twitter, G-chat, blogger osv. Det hadde du nok ikke tippa, tenker jeg!

- Har altfor mye fantasi, som resulterer i at jeg ikke tør se filmer som nærmer seg skrekk-kategorien, dagdrømmer utrolig mye og at sci-fi/fantasy er min foretrukne filmsjanger.

- Politisk engasjert.

- Favoritt-”drinken” min er solbærte m/sukker og Vikingfjord vodka.

- Misunnelig på folk som er flinke med kamera og bildemotiv.

Så da sender jeg Blog Award videre til Marthe Camilla Kristin Anne og Ella. Gleder meg til å se hva de har å komme opp med :) Det skulle egentlig være 7 stykker her, men jeg kom ikke på flere i farta.

Godt Nytt År!

Da ønsker jeg et godt nytt år til alle sammen!

Godt Nytt År!

God jul

God jul, alle sammen. Jeg håper dere får en koselig og fredfylt julefeiring.

Bildet er skamløst stjelt fra bloggen til Martin Bekkelund. Trykk på bildet for å gå dit.

Bildet er skamløst stjelt fra bloggen til Martin Bekkelund. Trykk på bildet for å gå dit.

Lørdagsunderholdning

Lørdag er dagen for underholdningstips. Så sitter du hjemme og er tom for ting å se på TV, sjekk ut denne fyren. Denne “sporten” kalles Parkour eller “Urban running”.

OUT OF TIME from Андрей Скурьят DREE on Vimeo.

Synest du dette så morsomt ut så er det bare å begynne å øve. Evt så kan du se om du finner Luc Bessons helt greie film “Yamakasi”.

Funny Fredag

Fredags ettermiddag og mandag foremiddag er nok de to beste tidspunktene for å sende folk humor. Da velger jeg lett fredagen, så her kommer noe av det jeg har ledd av denne uken.

Denne har hatt en liten seiersrunde blant utvalgte facebook-venner den siste uken.

20-års jubileet for Berlinmurens fall har ikke gått upåaktet hen i den norske pressen, og humorsiden 5080.no har en sak på hvordan Stasi-topper så på murens fall.

Skal du male huset innvendig? Her ser du et røykerom med et noe spesielt motiv i taket

21880004

Ha en god fredag og en fantastisk helg :)