Molladalen

Natura arrangerte helga 24.-26. sept ein tur til vakre Molladalen. Eg måtte då velge mellom padlesamling på Rangøya og helgetur i nærområdet. No har eg aldri vore i Molladalen, så eg tykte eg måtte bruke finevêrshelga til å oppleve denne mykje omtalte dalen.

Skuffa vart eg iallefall ikkje, vêrgudane la si beste side til og ga oss flott haustsol å nyte dalen i. Eg og to andre tok turen oppover på laurdags føremiddag, og skulle møte dei andre som etter planen skulle ta turen til Bladet denne dagen. Turen opp var middels tung med ein sekk på nærare 20 kilo, og turen endte opp på ca 3,5 timar. Men då tok me lange pausar ;)

Me kom opp til ein folketom leir og antok at alle skulle være på Bladet til seint på kveld, men plutselig kom det ruslande fleire smågjengar inn i leiren. Det viste seg at renna ein går for å komme opp til Bladet var full av fryst smeltevatn, og gjorde oppgangen vanskelig. Det var difor berre seks som hadde gått opp dit, resten hadde tatt turar i andre områder her oppe.

Men me skriv tross alt slutten av september, så nokon storvarme var det ikkje. Sola gjekk ned tidleg med vakre fargar, og kulden sette raskt inn. Sjølv om soveposen var fristande tidlig på kveld, prøvde eg å utsette legginga lengst mogleg, og ekstra kjekt var det at Åsmund Vaage også kom til leiren. Flesteparten hadde gode liggeunderlag og soveposar så over halvparten av turfolket låg ute denne natta. Og for ei natt! Sterk måne som lyste opp fjella rundt oss og ein mektig stjernehimmel kan gjere kvar og ein av oss litt filosofiske. Og det var heller ikkje verst å vakne opp til sola som lyste opp tindetaggane.

Natta hadde hatt minusgrader, det var tydeleg frå vassflaskene som låg rundomkring. Sola tok seint på den odden me låg på, så det var om å gjere å få i seg ein varm frukost så fort ein kunne. Min frukost besto av havregraut, og det er rett og slett det beste eg kan starte ein slik turdag med. Vi var ein gjeng som bestemte oss for å prøve Mollaskaret, der ein går over til Ytre-Standal. Her var det spektakulære tindar som vi kunne rangle litt på, og nokon plassar var det så skarpe taggar at eg er sikker på at du kunne ha delt ein vannmelon på dei! Ein spennande opplevelse!

Når ein så er i Molladalen, så merkar eg korleis lysta på fjellklatring melder seg. For det er kanskje ikkje så innmari mykje meir å gjere i Molladalen enn å bruke desse steile fjella til noko, og det er ikkje så overveldande mange moglegheiter for vanlege fotturar. Men så var det dette med å henge i eit tau i høge høgder då…

Galleri:

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>