Turen til Rotevassætra er ein fin tur både somarstid og som skitur om vinteren. Sjølv brukar eg 2 forskjellige utgangspunkt avhengig om eg går/syklar eller går på ski.
På somaren er det best (men kanskje ikkje like spennande) å starte ved første avstikker på vegen ned til Vassbotn. Trykk her for eit kart. Dette er ein bomveg, med port for sykkel o.l. vegen delar seg i 2 etter 1,5 km, ta då opp bakken og følg denne vegen vidare 3,5 km opp til sætra. Vegen er bratt, men kan også syklast. Sjå etter forbods-skilt under teleløysinga.
Vinterstid er det mest populært å starte frå Helgatun og gå innover derifrå. Her er det preparerte løyper. Vær obs på at vegen kan dele seg etterkvart i eit opptrakka spor, men ein kjem fram til sætra uansett kva veg ein vel.
Rotevassætra kan være utgangspunkt for fleire turar, m.a. til Hestehornet og Botnasætra.
| 
0 kommentarer til “Rotevassætra”