Sikkerheitskurs på Standalshytta

Når Høgskulen i Volda, i samarbeid med både Natura og STiV, inviterar til 2 gratis overnattingar på Standalshytta, gratis middag og gratis førar i fjella rundt, fann eg få argument for å seie nei! Og eg skjønar ikkje kvifor berre 3 andre valde å gjere det same som meg!

Opplegget er nokonlunde slik: Fordi Sunnmørsfjella har nokon spesielle sider ved seg, set ein opp eit fjellsikkerheitskurs for å fortelje litt om korleis ein skal oppføre seg i fjella her. Kurset er nok mest mynta på Våre Nye Voldingar; tilreisande studentar. Men sjølv om eg etterkvart har fått litt fjellerfaring, plukka eg opp spennande ting! Her fekk me innføring i geologi i tillegg til generell opplæring i korleis ein bør tenke når ein bevegar seg i område med stein, våt/laus mose, elvar og brear. For å nemne noke.

Med så få på kurset, vart det god plass til å velge soverom og det er alltid kjekt å få eit rom for seg sjølv. Ikkje var det trangt i badstua heller! Vi koste oss med brettspel, kort og puslespel på kveldane og naut god mat. Eg fryktar at det vert noko meir folk på vinterkurset som tek føre seg skredfare….

Årest sikkerheitskurs varte frå fredag 10. til søndag 12. september. Skredkurset kjem nok ein gong rundt mars.

Galleri:

2 tankar om “Sikkerheitskurs på Standalshytta

  1. Såg ut som ein flott tur, og dyktig fjellførar hadde dokke med også, ser eg. Du har jammen vore mykje på tur i det siste! Spreking!

  2. Du kjenner Stig, ja? :p Dyktig han, ingen tvil, gjorde turen svært lærerik :) Eg har vore heldig som har fått utnytta somaren til å farte mykje, heilt klart! Og no ser det jo ut som om det blir tur på søndag óg ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>