Breidfjell

Ein fin søndag vart eg invitert med Gunnhild og Per Anders på tur. Mor til PA var på besøk, og planen var å vise fram litt meir enn berre tindane rundt Volda. Turen vart lagd til Hareidlandet, og vi enda opp med å ringe Beathe Pilskog for turtips :) Og Beathe peika oss mot eit flott turområde. Vi eida opp med ein tur til Breidfjell.

Breidfjell (eller Breifjell som eg har sett det skreve nokon plassar) er ein fjelltopp på Hareidlandet. Vegen hit startar i Ulsteinvik og avkjøyrsla til Flø. Følg vegen mot Flø heilt til ein kjem til eit blått «skulebygg» som ligg nesten heilt intill vegen. Ta opp vegen FØR huset og følg denne heilt opp til enden. Her går det ein bratt grusveg opp Ulsteindalen heilt opp til Litlevatnet.

Og Litlevatnet er eit flott utgangspunkt for mange turar. Hareidlandet er jmf. Kirkenesbebuarar flatt og kunne like gjerne ha vore i Finnmark, så terrenget er lett å gå i. Litt gjørmete til tider, men her og der er det kloppar å gå på. Som ein kan sjå på kartet er det mange spennande turmål i området, og ein kan ta enten enkeltturar eller ta ei lang runde. Det er også mogleg å gå rundt Litlevatnet som ein litt lettare tur.

Sjølve toppen Breidfjell ligg på 534 moh og gir flott utsyn utover havet vestover, og over nokre spesielle områder der det er teiger oppdelte med steingarder. Desse kan også sjåast på Flø og er ein del av eit spennande kulturlandskap. Det blir nok ikkje siste gong eg dreg på tur hit ut :)