Sunndalen

Ein flott tysdag i august bestemte eg og Tanya oss for å prøve ein relativt ukjent del av lokalområdet, nemmelig Sunndalen. Sunndalen er ein flott og frodig dal som startar innerst i Austefjorden (Fyrde) og går sørover til Grøndalen, og då er me omtrent i Sogn & Fjordane. Området er ikkje overbrukt når det kjem til turstien, men området er regulert til anten vassverk eller vasskraft, og det er ein del ingrep i naturen. Bl.a. er det ein bilveg som går heilt opp til ei demning. Men desse inngrepa er ikkje så veldig synlege frå den raudmerka stien oppover

Turen starta frå ein gamal jakt-post ved eit jorde (her er det best å berre stoppe folk og spørre etter vegen, men i teorien kan ein seie at jakt-posten står rett før ein er komen til botnen av dalen), og gjekk oppover på ein noko overgrodd og relativt dårleg raudmerka sti. Vanskegrada er middels bratt, men turen er ganske kort.

Me kryssa brua ein kjem til, og gjekk opp til Sunndalsetra for å skrive oss inn i boka, men det ser ut til ein kan halde seg på høgresida av dalen også. Etterpå bar det opp ei lita kneik til Sunndalsetrevatnet, og om ein vil kan ein fortsette opp det bratte og steinete Sunndalskaret over til Grøndalen. Vi stoppa etter å ha prøvd oss på det forfriskande vatnet, for dette var ein dag med høg luftfuktigheit og svetten rann på vegen opp.

Eg huskar ikkje heilt kor lang tid vi brukte på vegen, men det er ikkje lange turen. Det kan likevel nemnast at stien opp kan være litt slitsom med mange høge kneløft og sleipe steinar (iallefall i den tida me gjekk der).