Sunndalen

Ein flott tysdag i august bestemte eg og Tanya oss for å prøve ein relativt ukjent del av lokalområdet, nemmelig Sunndalen. Sunndalen er ein flott og frodig dal som startar innerst i Austefjorden (Fyrde) og går sørover til Grøndalen, og då er me omtrent i Sogn & Fjordane. Området er ikkje overbrukt når det kjem til turstien, men området er regulert til anten vassverk eller vasskraft, og det er ein del ingrep i naturen. Bl.a. er det ein bilveg som går heilt opp til ei demning. Men desse inngrepa er ikkje så veldig synlege frå den raudmerka stien oppover

Turen starta frå ein gamal jakt-post ved eit jorde (her er det best å berre stoppe folk og spørre etter vegen, men i teorien kan ein seie at jakt-posten står rett før ein er komen til botnen av dalen), og gjekk oppover på ein noko overgrodd og relativt dårleg raudmerka sti. Vanskegrada er middels bratt, men turen er ganske kort.

Me kryssa brua ein kjem til, og gjekk opp til Sunndalsetra for å skrive oss inn i boka, men det ser ut til ein kan halde seg på høgresida av dalen også. Etterpå bar det opp ei lita kneik til Sunndalsetrevatnet, og om ein vil kan ein fortsette opp det bratte og steinete Sunndalskaret over til Grøndalen. Vi stoppa etter å ha prøvd oss på det forfriskande vatnet, for dette var ein dag med høg luftfuktigheit og svetten rann på vegen opp.

Eg huskar ikkje heilt kor lang tid vi brukte på vegen, men det er ikkje lange turen. Det kan likevel nemnast at stien opp kan være litt slitsom med mange høge kneløft og sleipe steinar (iallefall i den tida me gjekk der).

Breidfjell

Ein fin søndag vart eg invitert med Gunnhild og Per Anders på tur. Mor til PA var på besøk, og planen var å vise fram litt meir enn berre tindane rundt Volda. Turen vart lagd til Hareidlandet, og vi enda opp med å ringe Beathe Pilskog for turtips :) Og Beathe peika oss mot eit flott turområde. Vi eida opp med ein tur til Breidfjell.

Breidfjell (eller Breifjell som eg har sett det skreve nokon plassar) er ein fjelltopp på Hareidlandet. Vegen hit startar i Ulsteinvik og avkjøyrsla til Flø. Følg vegen mot Flø heilt til ein kjem til eit blått «skulebygg» som ligg nesten heilt intill vegen. Ta opp vegen FØR huset og følg denne heilt opp til enden. Her går det ein bratt grusveg opp Ulsteindalen heilt opp til Litlevatnet.

Og Litlevatnet er eit flott utgangspunkt for mange turar. Hareidlandet er jmf. Kirkenesbebuarar flatt og kunne like gjerne ha vore i Finnmark, så terrenget er lett å gå i. Litt gjørmete til tider, men her og der er det kloppar å gå på. Som ein kan sjå på kartet er det mange spennande turmål i området, og ein kan ta enten enkeltturar eller ta ei lang runde. Det er også mogleg å gå rundt Litlevatnet som ein litt lettare tur.

Sjølve toppen Breidfjell ligg på 534 moh og gir flott utsyn utover havet vestover, og over nokre spesielle områder der det er teiger oppdelte med steingarder. Desse kan også sjåast på Flø og er ein del av eit spennande kulturlandskap. Det blir nok ikkje siste gong eg dreg på tur hit ut :)

Lidaveten

Endelig var det min tur å ta turen til Lidaveten. Toppen er på 592 moh, og er ei middels bratt stigning opp mesteparten av vegen. Utsikta frå Lidaveten er flott og ein ser utover Hareidlandet og Gurskøya. Ordet «vete» er det same som «varde», iallefall om ein tenker på varden som det gamle kommuniasjonsjonmiddlet det var. Vardane var opprinneleg ferdigbygde bål som kunne tennast om ein såg fiendar, og var plasserte på toppar som var godt synleg frå området rundt. Då er det ikkje vanskelig å skjøne at Lidaveten var eit godt valg i så måte; her har ein god utsikt til store delar søre sunnmøre! I tillegg kunne ein ha god kontroll på båtar som kom innover frå kysten.

Turen til Lidaveten startar frå Berkvika i Volda kommune. Den vanligaste måten å kome seg hit på er å følge vegen E39 mot Ørsta og ta av mot Bjerkvika/Berkneset på Egset. Ein kan også følge nyevegen til Eiksundsambandet (Rv 653) mot tunellen og ta av rett før bommen, mot Steinnes. Når ein kjem til Bjerkvika følg ein skilting mot Eidheim. Då kjem ein etterkvart til starten på ein fjellveg, der det er merka med eit raudt band i avkjørsla. Denne vegen kan være steng med bom, men denne var åpen når eg var her. Parkeringsplass er heilt i starten på fjellvegen, og eg starta turen herifrå.

Rolig start på god veg oppover heilt til vegen svingar inn i skogen. Det er ein del myr på starten, så joggesko er ikkje nødvendigvis det beste valet. Litt stigning opp til eit utsiktpunkt, og deretter middels bratt stigning opp til toppen. Luftig i nokre bratte part, men det er skog omtrent heile vegen til toppen så ingen klatring er nødvendig. For dei som føler seg i grei form tar denne turen 40-50 min, lenger om du vil stoppe og nyte utsikta :)

Molladalen

Natura arrangerte helga 24.-26. sept ein tur til vakre Molladalen. Eg måtte då velge mellom padlesamling på Rangøya og helgetur i nærområdet. No har eg aldri vore i Molladalen, så eg tykte eg måtte bruke finevêrshelga til å oppleve denne mykje omtalte dalen.

Skuffa vart eg iallefall ikkje, vêrgudane la si beste side til og ga oss flott haustsol å nyte dalen i. Eg og to andre tok turen oppover på laurdags føremiddag, og skulle møte dei andre som etter planen skulle ta turen til Bladet denne dagen. Turen opp var middels tung med ein sekk på nærare 20 kilo, og turen endte opp på ca 3,5 timar. Men då tok me lange pausar ;)

Me kom opp til ein folketom leir og antok at alle skulle være på Bladet til seint på kveld, men plutselig kom det ruslande fleire smågjengar inn i leiren. Det viste seg at renna ein går for å komme opp til Bladet var full av fryst smeltevatn, og gjorde oppgangen vanskelig. Det var difor berre seks som hadde gått opp dit, resten hadde tatt turar i andre områder her oppe.

Men me skriv tross alt slutten av september, så nokon storvarme var det ikkje. Sola gjekk ned tidleg med vakre fargar, og kulden sette raskt inn. Sjølv om soveposen var fristande tidlig på kveld, prøvde eg å utsette legginga lengst mogleg, og ekstra kjekt var det at Åsmund Vaage også kom til leiren. Flesteparten hadde gode liggeunderlag og soveposar så over halvparten av turfolket låg ute denne natta. Og for ei natt! Sterk måne som lyste opp fjella rundt oss og ein mektig stjernehimmel kan gjere kvar og ein av oss litt filosofiske. Og det var heller ikkje verst å vakne opp til sola som lyste opp tindetaggane.

Natta hadde hatt minusgrader, det var tydeleg frå vassflaskene som låg rundomkring. Sola tok seint på den odden me låg på, så det var om å gjere å få i seg ein varm frukost så fort ein kunne. Min frukost besto av havregraut, og det er rett og slett det beste eg kan starte ein slik turdag med. Vi var ein gjeng som bestemte oss for å prøve Mollaskaret, der ein går over til Ytre-Standal. Her var det spektakulære tindar som vi kunne rangle litt på, og nokon plassar var det så skarpe taggar at eg er sikker på at du kunne ha delt ein vannmelon på dei! Ein spennande opplevelse!

Når ein så er i Molladalen, så merkar eg korleis lysta på fjellklatring melder seg. For det er kanskje ikkje så innmari mykje meir å gjere i Molladalen enn å bruke desse steile fjella til noko, og det er ikkje så overveldande mange moglegheiter for vanlege fotturar. Men så var det dette med å henge i eit tau i høge høgder då…

Galleri:

Hestehornet

Hestehornet ligg fin plassert rett ved Krøvelsætra. Den enklaste vegen er å kjøyre over Krøvelseide og nedover svingane mot Åmdalen. Etter eit par svingar kjem det ein parkeringsplass og ein bomveg. Parker anten her eller betal for å kjøyre heilt opp til Krøvelsætra. Eg parkerte her nede for å gjere turen litt lenger, sjølve turen opp til Hornet er kortare enn det ser ut.

Alternativt, og sannsynligvis ein meir spennande tur, er ruta via Rotevassætra. Har kan ein følge ein privatmerka sti som tek deg utanfor dei verste våtområda rundt Krøvelsætra. Finn start på stien ved eit av hyttene nærast Krøvelsætra og sikt deg inn på å gå ein boge rundt ein liten kulp.

Turen frå Krøvelsætra til toppen tek 30-45 min, men det er slitsomt å gå i den våte myra. Vert enklare når ein kjem opp i sida. Vasstette sko er ein fordel her. Tek ein turen via Rotevassætra er det noko tørrare.

Oppdatering: Laga eit panoramabilde av ein tur i flott haustvêr.

Rotevassætra

Turen til Rotevassætra er ein fin tur både somarstid og som skitur om vinteren. Sjølv brukar eg 2 forskjellige utgangspunkt avhengig om eg går/syklar eller går på ski.

På somaren er det best (men kanskje ikkje like spennande) å starte ved første avstikker på vegen ned til Vassbotn. Trykk her for eit kart. Dette er ein bomveg, med port for sykkel o.l. vegen delar seg i 2 etter 1,5 km, ta då opp bakken og følg denne vegen vidare 3,5 km opp til sætra. Vegen er bratt, men kan også syklast. Sjå etter forbods-skilt under teleløysinga.

Vinterstid er det mest populært å starte frå Helgatun og gå innover derifrå. Her er det preparerte løyper. Vær obs på at vegen kan dele seg etterkvart i eit opptrakka spor, men ein kjem fram til sætra uansett kva veg ein vel.

Rotevassætra kan være utgangspunkt for fleire turar, m.a. til Hestehornet og Botnasætra.

|

Melshornet

Melshornet (807 moh) ligg fint plassert på grensa mellom Volda og Ørsta med spesielt fin utsikt til Ørsta sentrum. Også god utsikt mot Helgehornet og ut langs Ørstafjorden. På somarstid startar dei fleste med ein tur på Dinglavatnet. Følg deretter opptrakka sti frå stolpen med boka, langs sørsida av vatnet. Stien går først flatt langs vatnet og deretter småbratt oppover mot toppen. Ingen klatring eller høge stup, men eit «lurefjell» som lar deg tru du er oppe før du er!

Tidsmessig vil eg tippe 30-45 min frå Dinglavatnet, alt ettersom pausar.

Vinterstid kan ein ta skitrekket opp frå Reset og gå innover via Sandhornet og Grøthornet

Dinglavatnet

Dinglavatnet er ein fin og lett tur for dei aller fleste. Bestem tempoet sjølv og velg mellom å følge vegen eller gå skogen. Turen er ikkje så lang, men har stigning det meste av vegen. Tidsbruk frå 30-60 min, alt etter form og pausar.

Som du kan sjå på dette kartet er det mange vegar til Dinglavatnet. Enklast er det å følge vegen heilt heilt opp over Solhøgda, der går den over i skogsveg med ein bom. Følg deretter den vegen heilt opp til Dinglavatnet. Vil du gå i skogen med mjukare underlag og litt meir stigning, stopp på «stopp-plassen» rett før vegen svingar ned i Solhøgda, og ta inn i skogen ved ei grind her. Stien delar seg i starten, hold då til venstre. Held du til høgre endar du opp ved vassverket sitt hus oppe i Vikebygda, som igjen har ein fin turveg heilt opp på Reset!

Frå Dinglavatnet kan du gå vidare til Melshornet på godt opptrakka sti. For å kome på rett sti, ta til høgre ved stolpen der boka er, og følg stien på sørsida av vatnet. Du kan også ta turen mot Niven (og følge denne vidare til Egset/Mork). Frå Dinglavatnet følg vegen vestover langs ryggen (altså gå vekk frå vatnet) og ta av ned mot Vardehornet (merka med…. ein varde). Følg ein til dels bratt og våt sti ned mot vegen eller gå tilbake til Dinglavatnet og følg vegen nedatt.

Sikkerheitskurs på Standalshytta

Når Høgskulen i Volda, i samarbeid med både Natura og STiV, inviterar til 2 gratis overnattingar på Standalshytta, gratis middag og gratis førar i fjella rundt, fann eg få argument for å seie nei! Og eg skjønar ikkje kvifor berre 3 andre valde å gjere det same som meg!

Opplegget er nokonlunde slik: Fordi Sunnmørsfjella har nokon spesielle sider ved seg, set ein opp eit fjellsikkerheitskurs for å fortelje litt om korleis ein skal oppføre seg i fjella her. Kurset er nok mest mynta på Våre Nye Voldingar; tilreisande studentar. Men sjølv om eg etterkvart har fått litt fjellerfaring, plukka eg opp spennande ting! Her fekk me innføring i geologi i tillegg til generell opplæring i korleis ein bør tenke når ein bevegar seg i område med stein, våt/laus mose, elvar og brear. For å nemne noke.

Med så få på kurset, vart det god plass til å velge soverom og det er alltid kjekt å få eit rom for seg sjølv. Ikkje var det trangt i badstua heller! Vi koste oss med brettspel, kort og puslespel på kveldane og naut god mat. Eg fryktar at det vert noko meir folk på vinterkurset som tek føre seg skredfare….

Årest sikkerheitskurs varte frå fredag 10. til søndag 12. september. Skredkurset kjem nok ein gong rundt mars.

Galleri:

Snøhornet

Våkna til fint vêr her ein torsdag og fann ut at i dag skulle Snøhornet bestigast. Hornet er 1309 meter høgt og starten er frå ca 230 moh. Turen går over 5 km, så ikkje altfor bratt mao. Turen er merka til middels tung i boka Fotturar på Sunnmøre (som anbefalast på det varmaste). Boka bereknar også turan opp til 3 timar, noko som stemmer ganske bra; trekk frå 11 min så har du tida mi.

På kartet (klikk på kartet for større bilde) kan ein sjå dei 2 «hovedrutene», der den eine er ei sommarrute, med start frå Kvernaelva og den andre har start frå gamleskulen på veg ned til Årset. Sistnemde er nok vinterruta, som óg kan gåast om sommaren. Eg valde ruta frå elva. Turen startar med ein bil- eller sykkeltur inn i Aldalen og start ved brua som kryssar Kvernaelva.

Turen går i lettgått terreng, men med nokon bratte parti. Stien er grei å følge opp til steinura, deretter er det ein gjetteleik. Toppen gir god utsikt, og ein kan sjå både Volda og Ørsta på same tid. I tillegg til det meste anna i lokalregionen. Rekn med vin på siste halvdel av turen, så ta med vindjakke. Det er heller ikkje noko vatn å snakke om på vegen no i september, så ta med rikelig av dette.

Mangelen på raudmerking merka eg ikkje godt før eg skulle gå nedover frå toppen. I galleriet nederst i innlegget ser du eit (par) bilde av steinura. Og når då den einaste merkinga er grå steinvardar, ja då seier det seg at det blir eit problem. Det er omtrent like vanskelig som å få auge på rypa. Kombiner dette med mangel på sti (dette er ikkje den mest trafikkerte ruta på sunnmøre) og du får ein god anledning til å gå deg vill. Det gjorde eg. No er det ikkje ekte «vill» for ein ser kvar ein skal ende opp, men vegen dit er ikkje så enkel. Og når ein er ferdig med steinura, er merkinga så dårleg at ein skal halde tunga rett i munnen for ikkje å gå feil eit par plassar. Og ein må følge stien for å kome ned dei brattaste partia.

Alt-i-alt terningkast 4, mest pga utsikta og dyrelivet. Men du skal være i overkant glad i stein for å gje denne turen toppkarakter på sommarstid. Eg har planar om å prøve igjen på vinterstid med ski på føtene, og vil tru at turen er endå finare uten å måtte gå på kvasse steinar.

Eg laga eit panoramabilde frå utsikta på vegen opp:

Trykk for større bilde

PS: Har du problemer med å få lukka bildet, trykk deg eit bilde tilbake i visaren og lukk det.

Galleri: